Nasjonaldagen kom med snø i lufta øverst i dalen, men veret kom seg utover dagen.
17. mai festen vart gjennomførd utan nedbør ute og med Jon Eikemo som talar inne.
I talen var Jon innom mange tema, som økonomisk fordeling, jordbrukspolitikk, shoppingsykje, Jens Stoltenberg og Utøya. Han sa sjølv at det vart bråe overganger i talen og samanlikna dette med variasjonane i vestlandsnaturen.
Jon Eikemo sa at talen var skrive utan tanke på at dette var barnas dag. Trass dette fulgte både gamal og ung med på talen og det var tydeleg at årets 17- mai talar var både ein god og profesjonell underhaldar.
Også barnehagebarna var fasinert over talen til Eikemo
.
Dagen vart ellers gjennomført på tradisjonelt vis der dravlen kom på bordet og alle aktivitetar som er forventa på skuleplassen var å finna.

Fleire bilete frå feiringa er lagt inn som eige album.