februar 2018

Temamøte: Nettvett, skjermtid, grensesetting

Tidspunkt: 
26. Februar 2018 - 19:00
Beskrivelse: 

For føresette og andre interesserte

Årsmøte i Vaksdal Sau og Geit

Tidspunkt: 
14. Februar 2018 - 20:00
Beskrivelse: 

I

Vaksdal Turlag er skipa

Tysdag12.februar vart Vaksdal Turlag formelt skipa, som det 15.lokallaget i Bergen og Hordaland Turlag. Styret i det ny turlaget har ein representant få kvar av bygdene i kommunen. No skal det nye styret i gang med turkalender for sesongen, med mål om å få til turar i dei ulike bygdene. I Eksingdalen vert nok turane i samarbeid med turgruppa i Eksingedalen IL.

Kveldsrennet utsett i 14 dagar

Dårlege værmeldingar gjer at skigruppa i Eksingedalen IL har vald å utsetja kveldsrennet til onsdag 28. februar.

Ti år sidan lysanlegget på Bergo vart opna.

I vinter er det 10 år sidan lysanlegget på og rundt ballbana på Bergo vart opna. Dette vart markert med langrenn i flomlys. Det var stort frammøte og god stemning. 
Etter nokre år med lite snø på Bergo, er det no klart for nytt kveldsrenn. Onsdag 14. februar kl. 19.00 ynskjer idrettslaget velkomen til friteknikk-renn. Her er det råd å skøyta for dei som vil det. Klassiskspor er det også i løypa. Og vil du ikkje gå med startnummer er du hjarteleg velkomen til å ta kveldsturen på ski i løypa.

Informasjonsmøte om tømmerhogst

Tidspunkt: 
14. Februar 2018 - 17:00
Beskrivelse: 

Informasjonsmøte om tømmerhogst. Ljosheim kl. 17.00. Jens Manger frå Nortømmer vert med på ,møte.

Våronnmøte i Ljosheim

Tidspunkt: 
14. Februar 2018 - 11:00
Beskrivelse: 

Våronnmøte i Ljosheim kl. 11.00. Norsk Landbruksrådgiving, vest

Styrketrening

Tidspunkt: 
28. Februar 2018 - 20:00
Beskrivelse: 

Styrketrening og volleyball på skulen kl. 20.00. Eksingedalen IL

Årsmøte for sagbruket

Tidspunkt: 
21. Februar 2018 - 19:30
Beskrivelse: 

Årsmøte for Eksingedalen Bruk på Eksingedalen skule kl. 19.30.

Møte i Nesheim kyrkje

Tidspunkt: 
24. Februar 2018 - 15:00
Beskrivelse: 

Møte i Nesheim kyrkje kl. 15.00 ved Leiv Nesheim og Berger Gjelsvik. Innslag for borna. Nordhordland Indremisjon

Bygdafest 24 februar!

Bygdafest i ungdomshuset Ljosheim i Eksingedalen 24.febr kl 20.00

For kun kr 200,- får du:

-God stemning

-Varm mat

-Lansering av splitter ny heimeside for Eksingedalen

-Toradarmusikk - og anna musikk. Til å dansa etter om du vil

-Sal av forfriskningar frå baren 

 18-års aldersgrense.

Dette må du ikkje gå glipp av - meld deg på !

Påmelding via facebook eller SMS til Ivar (48182580) eller Ole Jakob (46133110).

Frist for påmelding onsdag 21.02.

 

Utetid, innetid og årsmøtelaurdag

Til trass for at gradestokken var nær 20 kuldegrader, samla det seg fleire og fleire born, ungdommar og vaksne til skileik på Bergo laurdag. Det er god tradisjon med skileik for heile familien før idrettslaget heldt årsmøtet sitt. Løypene var gode - og køyrt opp som reine labyrinten. Her var kuleløype, hopp, hinderløype og stødige spor til å gå i. Passeleg for smale ski, breie ski, korte og lange ski, kjekt var det med akrebrett også!

Stor konsentrasjon  -  og det går så bra!          Foto: Anna S Bergo

meir fisk