December 2015

O jul med di gleda

Grendalaget inviterte til juletrefest på Ekse 2. juledag. Tradisjonelt program og fint vinterver gjorde at huset vart oppfyllt - og det såg ut til at folket hygga seg.

Også dei vaksne var lette å be med på stolleik

God jol

Me ynskjer alle våre lesarar ei god jol med litt stemning frå julegudstenesta i dag.

Klikk på biletet for song (link til youtube)

Minnegudsteneste i Stamnes kyrkje

Tidspunkt: 
31. December 2015 - 16:00
Beskrivelse: 

Minnegudsteneste for heile kommunen i Stamnes kyrkje nyttårsafta kl. 16.00 ved sokneprest Frode Kvamsøe

Gudsteneste på julafta

Juletrefest på Ekse grendahus

Tidspunkt: 
26. December 2015 - 13:00
Beskrivelse: 

Alle velkommen

Eksingedalen skule på TV2

I går var der innslag frå Eksingedalen skule på TV2 nyhenda.

Klikk på biletet for å sjå innslag ( litt reklame først)

Peparkakebygd med kjente hus frå Eksingedalen

Kjenner du att huset ditt? Foto: Eksingedalen skule.

I kveld, fredag 18. desember kl 19.30, er det joletrefest på skulen. Det vert joleframsyningar ved elevane, graut med mandel i og gang rundt joletreet. 
Eksingedalen skule ynskjer alle velkomne til joletrefest!

 

Kun villsnø i Eksingedalen

I øvre delar av Eksingedalen er det no bra med snø, og her har siste veka vore særs gode tilhøve for skigåing. 

May-Britt Eriksen og Haldis Bjotveit Øvstedal på skitur til Nonhaugen 15.des

Sikrare straumforsyning

Fjellangerlinja.

I haust har det kome ny kraftlinje frå Vegaskiftet til Fjellanger. Arbeidet er utført dei to siste månadane. I staden for luftspenn er det no lagt jordkabel på over halvparten av strekningen, fram ny transformator i Diket. 

Jordkabelen kryssar Fagerdalselva i lufta, for så å gå vidare i jord til transformatoren i Diket. I bakgrunnen kan ein skimte gamlelinja. Foto: Magnar Nese

Problemlinje.

Fortryllande førjulstonar

Kyrkja på Nesheim var pynta med eit dryss av snø, og innafor dørene var det varmt og lunt då klokka slo 11 og det var klart for årets førjulskonsert.

Magiske tonar frå Mari Odland Trefall si fiolin.

Fullt hus og alle i arbeid

Når Kvinne- og familelaget inviterer til joleverkstad, let ikkje folk seg be to gonger. Idag var det i tillegg julekortmotiv kor me snudde oss ute - akkurat dagen for å gjere klar ny pynt til jul!

Arbeidet er begynt

Adventskonsert

Friluftslivgruppe

Tidspunkt: 
17. December 2015 - 16:30
Beskrivelse: 

Friluftslivgruppe med Anna i Almane kl 16.30-19
For alle skuleelevar

Friluftslivgruppe

Tidspunkt: 
10. December 2015 - 16:30
Beskrivelse: 

Friluftsgruppe med Anna i Almane kl 16.30-19

Orienteringsmøte i Ljosheim

Tidspunkt: 
8. December 2015 - 20:00
Beskrivelse: 

Orienteringsmøte - ny avrekningsmetode for frikraft. Ljosheim tysdag 8. desember kl. 20.00. Arr. BKK

Styrketrening og volleyball

Tidspunkt: 
16. December 2015 - 20:00
Beskrivelse: 

Styrketreining og volleyball på Eksingedalen skule kl. 20.00. Eksingedalen IL

Styrketrening og volleyball

Tidspunkt: 
9. December 2015 - 20:00
Beskrivelse: 

Styrketreining og volleyball på Eksingedalen skule kl. 20.00. Eksingedalen IL

Styrketrening og volleyball

Tidspunkt: 
2. December 2015 - 20:00
Beskrivelse: 

Styrketreining og volleyball på Eksingedalen skule kl. 20.00. Eksingedalen IL

meir fisk