October 2016

Idrettslaget jubilerte

Tekst: Sigrid Nese

Eksingedalen IL feira 40 år!

Laurdag 29.oktober 2016 feira Eksingedalen idrettslag 40- års jubileum. På denne dagen for førti år sidan, 29. oktober i 1976, vart Eksingedalen idrottslag skipa. 

Soknerådsmøte i Nesheim sokn

Tidspunkt: 
31. October 2016 - 19:30
Beskrivelse: 

Soknerådsmøte i Nesheim sokn i kyrkja kl. 19.30

Gudsteneste i Eksingedalen kyrkje

Tidspunkt: 
27. November 2016 - 16:00
Beskrivelse: 

Familiegudsteneste med lysmesse ved sokneprest Frode Kvamsøe i Eksingedalen kyrkje kl. 16.00. Utdeling av Nytestamente

Gudsteneste i Nesheim kyrkje

Tidspunkt: 
6. November 2016 - 11:00
Beskrivelse: 

Gudsteneste i Neshiem kyrkje kl. 11.00 ved sokneprest  Frode Kvamsøe. Nattverd. Kyrkjekaffi.

Gudsteneste i Eksingedalen kyrkje

Tidspunkt: 
30. October 2016 - 11:00
Beskrivelse: 

Gudsteneste i Eksingedalen kyrkje kl. 11.00 ved sokneprest Frode Kvamsøe. Nattverd. Kyrkjekaffi.

Feirar 40 med JUBILEUMSFEST!

Eksingdalen IL feirar 40 år og styret innbyr til JUBILEUMSFEST!

Tid: Laurdag 29.oktober 2016, kl 13-17
Stad: Eksingedalen skule

For: ALLE! Små og store, yngre og eldre

Fredag 29.oktober 1976 vart Eksingedalen idrottslag skipa. Det er 40 år sidan!
Styret i Eksingedalen IL inviterer no  til JUBILEUMSFEST nøyaktig på 40-årsdagen til laget, den 29.oktober 2016. Alle noverande og tidlegare medlemmar er inviterte til jubileumsfeiringa
.

Påmelding til Elisabeth Holth innan 15.oktober,
tlf 56 59 58 33 eller e-post
post@haugen.fjellgard.no

Har nokon bilete frå idrettsaktivitet i Eksingedalen?

Styret i Eksingedalen IL ynskjer å visa fram laget sin aktivitet i 40 år. Her treng ein hjelp frå medlemmar! Har du bilete å låna ut? Bileta skal setjast saman til ei biletframsyning på jubileumsfesten 29.oktober. Ta kontakt med LivAnne eller andre i styret innan 18.oktober dersom du har bilete.

Pylser frå Pøylo

På Høvik i Eksingedalen, nærare bestemt i Pøylo held Laila Bolstad og Bjørn Eikefet til. No er dei i full gong med å lage julemat. I vel to år har dei arbeidd med å byggje opp ei lokalmat-bedrift, Heimalaga mat frå Pøylo. Sakte og sikkert har produksjon og lønsemd auka. Målet er å skapa nye arbeidsplassar.

Laila og Bjørn i aksjon med korven

Godt haustferietips: Fjelltrim i Eksingedalen

Med fantastiske vermeldingar og nydelege haustfargar kan fjellturar i Eksingedalen anbefalast! Det er i alt 15 postar å registrera seg på.
Bøkene i Eksingedalen IL sin fjelltrim for 2016 vert skifta ut frå 10.oktober og utover. Dersom nokon kjem til trimpost med ny bok, og gjerne ville vore registrert på 2016-sesongen kan ein gje beskjed om dette til turgruppa i idrettslaget (Aud Marit, Solfrid eller Liv Anne). Namna i bøkene skal no teljast opp og premieringa vert på idrettslaget sitt årsmøte i januar.
Med nye bøker er 2017-sesongen i gang! God tur!

Bingo på Ekse Grendahus

Tidspunkt: 
14. October 2016 - 19:00

Bingo på Ekse Grendahus

Møte hjå Inger og Yngve Lavik

Tidspunkt: 
20. October 2016 - 15:30
Beskrivelse: 

Odd Alvheim frå Norges Samemisjon held møte hjå Inger og Yngve Lavik torsdag 20. oktober kl. 15.30

Framtidig drift av butikken på Lavik kanskje sikra

Eksingedalen Eigedom AS tilbyr Hege Marie Lavik å kjøpe butikkbygget på Lavik.

Under den ekstraordinære generalforsamlinga som vart halde 30. september vart det fleirtal for å tilby Hege å kjøpa heile bygget for kr. 50.000,-. Grunnen til at generalforsamlinga valde denne løysinga var planane for vidare butikkdrift som vart lagt fram. 
- Det viktigaste for dalen er at det framleis skal vera butikk her, sa fleire av dei frammøtte. 

meir fisk