Undra seg til sølvmedalje

Kvifor fins det stølar i dalen vår? Arbeidet med dette spørsmålet resulterte denne veka i tur til prisutdeling på VilVite-senteret i Bergen for elevar og lærarar ved Eksingedalen skule. Her ser me dei stolte prisvinnarane.

Slik vurderte juryen arbeidet til elevane ved Eksingedalen skule.

OPPTUR 2017 i Eksingedalen

Første onsdagen i mai kvart år er det turdag for mange ungdommar i Hordaland. Den Norske Turistforeninga har i fleire år gjennomført OPPTUR i mai for alle 8.klassingar. For første gong var det i år eigen OPPTUR i Eksingedalen, og for alle elevane ved Eksingedalen skule.
Arrangørar var V
oss Utferdslag og Eksingedalen IL.
Gjengen på Kultatoppen.   Foto: Håvard Bergo

Lite ny asfalt i år

Det har vore særs slitsamt - både for førar og bil å ferdast på vegane i Eksingedalen siste tida. Oppsprukken asfalt, humper og holer -  og konsekvenser av vegarbeid set sit preg på bilturen gjennom dalen. Fleire stikkrenner er fornya - men er der håp om betring av vegdekket med det første?

Flikking av hole i asfalt - ser ut for å bli meir slikt. 

Ullhuer frå Eksingedalen reddar liv i Afrika

Kvinne- og familielaget har i 10 år strikka huer til nyfødde born i Afrika. Denne veka var det årleg innsamling og i alt 546 huer vart samla inn. Her er det snakk om direkte hjelp frå strikkar, via vår "lokale jordmor" til mor og barn i Malawi eller Zanzibar. Jordmor Britt Eide viste bilete og fortalde frå mor/barn prosjekta i Afrika som ho har vore involvert i, om oppbygging av fødestover og kompetanse i dei to landa. 

Fleire tusen huer er strikka i Eksingdalen og Modalen desse åra.

Folkevandringar i Eksingedalen

Fire blide jenter skin om kapp med sola på Kvitanosi.

Dette illustrerer to flotte Eksingedalsdagar, med skitur i etterlengta sol til Kvitanosi langfredag og meir enn fullsett gymsal til bingo på skulen skjærtorsdagskvelden. Eksingedalen IL er svært godt nøgde med frammøtet! Kring 180 vart talde på bingo, og jammen var nok talet endå høgare på Kvitnosturen. Fakisk snakk om rekord! Uoffisielle tal frå Gullbrå er 200 på tur!

Turkonkurranse

Bygdene i Vaksdal har blitt utfordra i trimkonkurranse knytta til Bergsdalen Opp. Der er turmål i heile kommunen, mellom anna alle mange stølar og nokre fjelltoppar i Eksingedalen. Du får poeng for kvart mål du sjekkar inn på. Bli med, og få Eksingedalen/Eidslandet opp på listene. 

Haugastølen er turmål i trimkokurransen

Idrettslaget inviterer til påskebingo og tur til Kvitanosi

Eksingedalen IL har to gode påsketradisjonar: BINGO og PÅSKETUR!
Bingoen er som vanleg skjærtorsdag kveld, og fellesturen på ski går langfredag.

Kl 19.30 torsdag 13.april ynskjer laget alle velkomne til bingo i gymsalen på skulen.
Det vert som vanleg 4 omgangar bingo med kaffipause midtvegs.

Kr 20,- pr bingobrett
Kr 30,- for brus og mat / kaffi og mat

Diverre er det komme feil pris på bingobrettet på plakatane.
Hugs kontantar! Idrettslaget lovar mange fine gevinstar i år også!

Gratulera med dagen, Hege og Eksingedalen!

Klokka 10.00 fredag 7.april 2017 opna ei blid Hege Marie Lavik døra til Eksngedalen Snarkjøp As. Mange gode ord frå kundar i kø, alle glade for å ha butikk i Eksinedalen att! Butikken er helt ny, lys og triveleg - og hyllene var fulle av varer. Utvalet såg verkeleg innbydande ut!

Hege har god grunn til å smila i dag! Og i kaffikroken ventar ei nydeleg kake.

 

 

Kunde nr 1 gjennom kassa var Elias frå Eksingedalen skule som handla inn til påskekantina.

Aktivt arbeidsstyre heldt fram i Bygdarådet

Torsdag 6.april la Bygdarådet som vanleg fram ei fyldig årsmelding for årsmøtelyden. Dette året kunne ein feira at to viktige saker er i mål: Telenor leverer 4G-signal i heile Eksingedalen - og 24.mars fekk også heile dalen DABsignal.
At Bygdarådet har vore viktige pådrivarar er heilt sikkert!

Frøydis Gullbrå heldt fram som leiar av Bygrarådet. Jon Trefall og Laila Bolstad Eikefet heldt fram i styret - og med seg får dei Ole Jakob Nese som ny styremedlem.

Blid gjeng ved oppvaskbenken etter årsmøtet: Frøydis, Jon og Laila.

Blide Hege opnar butikk til påske!

Eksingedalen kan gle seg! For fredag 7.april opnar Hege Marie Lavik opp att butikken på Lavik under namnet Eksingedalen Snarkjøp. Ho kan ynskja både bygdafolk og tilreisande velkommen til påskehandel på Lavik. Butikken er heilt ny: Nytt golv, nymåla veggar, ny innreiing og ikkje minst: Ny himling med ledljos. Hege er godt nøgd. Ho har pussa opp heile butikken og husveret oppe også. Det har vore mykje arbeid, men no kjenner Hege det ekstra spennande: For snart kjem varene, og det er knappe to veker til alt er skikkeleg i gang!

- Eg gler meg veldig, seier Hege. Eg opnar fredag 7.april kl 10.00. Eg er spent på om folk kjem!

Syndicate content
meir fisk