Førehandsrøysting med valkafè i Eksingedalen

Vaksdal kommune skipar til førehansdsrøysting i dei ulike grendene i kommunen. I Eksingedalen er det høve til å førehandsrøysta torsdag 31.august, mellom kl 13 og 16.30, på Eksingedalen skule.

I samband med dette har 9.klasse kafè med vaflar, kake og kaffi.

På valdagen 11.september er røystelokalet for eksingedølane på Eidslandet.

Blå himmel, sol og trim i triveleg lag

Onsdag denne veka starta turgruppa sine trimturar opp att, først haustturen gjekk til Nesheimstølen. Godt turvêr har me ikkje hatt for mykje av denne sommaren, så då blå himmel og sol viste seg - og attpåtil og heldt heile turen, vart stemninga "ekstra god". Å gå på tur er godt for kropp og sjel! Neste onsdagstur går til Nonhaugen, med bursdagsfeiring på toppen. Så det er berre å hengja seg på!

Klar for klatring?

Er du glad i å klatre motbakker på sykkel? Då bør du ta ein tur på fv 313, opp fjellovergangen mellom Teigdalen og Eksingedalen. Stigninga opp frå Brekkhus-krysset til toppen av fjellet kan tilby 615 høgdemeter over 6,5 km. Godt asfaltdekke og nokså jamn stigning gjer bakken ypperleg til treningsføremål. Og er du ekstra sprek, ja då rullar du nedatt og tek bakken ein gong til.

Hårnålssvingar i delar av traseen                                      Foto: Håvard Bergo

"Ny" fotballbane

Det har utført ein del arbeid på grusbana på Bergo i vår og sommar, mellom anna er der lagt ny grus og bana har blitt oppretta ein del.  Ivrige fotballspelarar berre "måtte" ta ein test i dag.

I regn og på delvis mjuk grus - 90 min fotball vart det på desse i kveld.

Nevenyttige dølar bak nymala Nesheimskyrkje

Vanskelege vertilhøve til tross, kyrkja på Nesheim har fått ny maling i sommar. På dugnad. Haldis Øvstedal, som har organisert dugnaden fortel at arbeidet har gått greit, sjølv om det vart ein del venting på lagleg ver. Arbeidet vart gjort i juni, fordelt på nesten heile månaden. Arbeidsdyktige pensjonistar vart ein særs viktig ressurs då arbeidet måtte utførast samtidig som slåtten gjekk for seg på gardane i øvre Eksingedalen.

Av dei ivrige dugnadsfolka; Nils L Nesheim og Arne Nesheim

Litt meir tolmod må til

Det tek enno litt lengre tid enn planlagt å bli ferdig med utbetring av vegen langs Trefallstranda. Snø og ekstra-arbeid med tipp-masser får skulda. Dette melder statens vegvesen i dag. 

Vegen skal bli ferdig asfaltert til 25. august, melder Kåre Olav Aldal i Statens vegvesen

Frå Bergo til Yksendalsstølen

Turgruppa i idrettslaget arrangerer kvar vår og haust fellesturar på onsdagar. I dag stod turen Bergo-Yksendalsstølen på programmet, og folk "sto i kø" for å få vere med i det fine vår-vèret.

Fy​rste stopp er Mjelkeplassen

Condoren er komme til Eksingedalen!

Vandreutstillinga ”Condoren på Kvitanosi” er komme heim til Eksingedalen. Sist veke fekk ”Condor-entusiast” Kåre Trefall med seg broren sin Jon på tur til Herdla. Målet var å henta med seg utstillingskassene med den nedpakka utstillinga. Eksingedalen har no fått heile utstillinga! Dette har  Kåre arbeidd for ei god stund, og det er takka vera den spesielle interessa hans at det vart til ei utstilling omkring denne hendinga.

Detalj av utstillinga. Foto: Kåre Trefall

Gratulera Frøydis!

Tysdag 30. mai disputerte Frøydis Gullbrå for ph.d.-graden med avhandlinga "Children as next kin and the general practioner". Hovudkonklusjonen hennar er at fastlegen kan bidra til at "dei usynlege barna" vert sett. Frøydis gjennomførte både prøveforelesing og disputasen med god stil, og fekk både undervegs og i etterkant mange gode ord om arbeidet sitt. Ho er ein forskar med beina godt planta i faget sitt sidan ho samstundes med forskninga jobbar som allmennlege. Det vart i mange høve trekt fram at dette er ei jordnær og allsidig dame med kraftige røter til heimstaden, og tydeleg at forskarmiljøet er fasinert av den dyktige dama øvst frå Gullbrå i Eksingedalen!

Ein glad gjeng etter endt disputas. Frå venstre: Bedømmelseskomiteen Per Stensland, Pål Gulbrandsen, og  Anna Sarkadi. I midten doktoranden Frøydis, som fersk doktor! Deretter rettleiarane Marit Hafting, Tone Smith-Sivertsen og Guri Rørtveit

Folkefest - med sykkel, musikk og Dag Otto

Dei yngste av dei frammøtte ved Modalstunnelen var mest opptekne av ein ting. Når kjem Dag Otto? Anledningen var sjøvsagt sykkelrittet Tour des Fjords som kom gjennom tunnelen frå Modalen og susa vidare nedover Eksingedalen.
Og Dag Otto skuffa ikkje. Det blei tid både til selfies med TV2-helten og tv-opptak som vart vist i sendinga frå etappen. 

Dag Otto tok seg tid til fotografering- til glede for fleire

Syndicate content
meir fisk