Folkefest - med sykkel, musikk og Dag Otto

Dei yngste av dei frammøtte ved Modalstunnelen var mest opptekne av ein ting. Når kjem Dag Otto? Anledningen var sjøvsagt sykkelrittet Tour des Fjords som kom gjennom tunnelen frå Modalen og susa vidare nedover Eksingedalen.
Og Dag Otto skuffa ikkje. Det blei tid både til selfies med TV2-helten og tv-opptak som vart vist i sendinga frå etappen. 

Dag Otto tok seg tid til fotografering- til glede for fleire

Det var planlagt for folkefest - og folkefest var det - trass nokre dråpar frå himmelen. Sykkeltur ned dalen, Sporty ungdomsskule-elevar som stilte med kafè til inntekt for skuletur i 10.ande, og dalen si toradargruppe sytte for musikk. God stemning og mykje folk! Og når både politiet, sikringsvaktar og dei frammøtte smilte, vinka og jubla, blei ikkje ventetida lang i duskregnet ved tunnelopninga.

Musikken svikta ikkje - sjølv om dei ikkje fekk lov å spele inni tunnelen

Dei fyrste som kom syklande ned dalen - seinare kom der mange fleire, både frå Eksingedalen og frå Voss. Voss sykkelklubb sykla like godt vidare etter proffsyklistane. 

Komiteen er klar - no ventar berre folket                                  Foto: F Gullbrå


Endå ei stund å venta, spenninga stig. Stadig trur ein at dei nærmar seg.....

 

Endeleg - der kjem ryttarane! Og plutesleg var dei forbi!                         Foto: F Gullbrå

Og saman med fleire fekk Solfrid seg ein svingom også, med sjølvaste Dag Otto! Foto:S.Nese

meir fisk