Frå Bergo til Yksendalsstølen

Turgruppa i idrettslaget arrangerer kvar vår og haust fellesturar på onsdagar. I dag stod turen Bergo-Yksendalsstølen på programmet, og folk "sto i kø" for å få vere med i det fine vår-vèret.

Fy​rste stopp er Mjelkeplassen

Det var 15 personar og ein hund som tok turen i dag. Ungane i barneskulen viste veg fyrste stykket opp den bratte lia frå Bergo. Dei har i skuletida fleire gonger gått turen opp til mjelkeplassen, dei kjente historien og hadde også merkt både stien og spesielle stader me passerte. Ved Mjelkeplassen tok me ein liten avstikkar for å få med oss Gygrakjeften, Eksingedalen sitt svar på Trolltunga. Her var det riktig så luftig og me fekk god utsikt ned att i dalen.

Høgda er nådd.

Etter mjelkeplassen hald den yngre garde framleis frontlinja, og bana veg mellom busker og kratt og av og på sti, til me runda høgda og fekk utsyn mot stølsliane rundt Yksendalsstølen. Då var det lett terreng ned og inn til stølen. Herifrå valgte dei fleste å gå tilbake til Bergo, medan nokre tok turen ned til Yksendalen. Alle like blide.

Temperaturen var fin - enkelte syns det vart vel varmt

Framme!

Straks klare for returen

meir fisk