News Archive

Salmekveld i Nesheim kyrkje

Nesheim sokneråd inviterer til salmekveld. Kantor James Reed på orgel og piano. Hanna Gullbrå med song. Allsong.

Fjelltrimmen byter bøker i haustferieveka

I løpet av haustferien, veke 41, vert bøkene for Fjelltrimmen 2017 samla inn og nye bøker lagt ut. Dersom du er på jakt etter kruset og ville hatt namnet ditt i 2017-boka kan du kontakta turgruppa og det vert ordna!

I ny bok kan du allereie no byrja registreringane for sesongen 2018.

 

Fjellet er fantastisk - nyt finvêret og fargane! 

Haustferie-bingo

Tysdag kjem regnet, og kva kan vel då passa betre enn ein lun bingo i Ekse grendahus. 4 omgongar med matpause midt i. Kun kontant betaling. 

Temakart for friluftsområda i kommunen

Vaksdal kommune inviterte denne veka til informasjonsmøte om arbeid med temakart for friluftslivområda i kommunen. Målet med møtet var å få lokal hjelp slik at kartet vert så korrekt og innhaldsrikt som mogeleg.

Smittande song-glede

Frå Voss til Eksingedalen med smil og musikk. Slik kan Vossagospel sin konsert i Nesheim kyrkje beskrivast. Koret, som også har medlemar frå Eksingedalen, fekk publikum til å delta med både song og klapping. Sjølv om dirigent Tom Jarle Istad Kristiansen kommenterte at «det var godt at folket hadde beina planta på jorda» då applausen og smila blant publikum ikkje vart etterfølgd av verbale utrop.

Informasjonsmøte om temakart for friluftsliv

Vaksdal kommune inviterer onsdag 4.oktober til informasjonsmøte og gruppearbeid om temakart for friluftslivområde i kommunen. Dette er eit ope møte med invitasjon gjennom media, i tillegg er organisasjonar og eldsjeler tilskrive.

Ope møte om "Temakart friluftsområde"

Vaksdal kommune inviterer til ope informasjonsmøte og arbeidsverkstad onsdag 4.oktober kl 18 - 19.30 på skulen på Bergo. Kommuneplanleggjarane ynskjer hjelp frå innbyggjarane i til kartleggjing av friluftsområda i kommunen. Det vert invitert til  opne møte i Eksingedalen og på Dale.

Førehandsval, valkafè og lokal valgransking

Vaksdal kommune gjennomfører denne veka førehandsrøysting rundt om i grendene i Vaksdal. I Eksingedalen var det mange som nytta høvet til å gje si røyst til partiet dei meiner skal styra landet dei kommande fire åra. Folk sette pris på å framleis få røysta på skulen i Eksingedalen. Dei tre gutane i 9.klasse sytte for servering, og valkafè var populært. Mange tok seg riktig god tid med kaffi og kaker og fekk prata med naboar og sambydingar.

Ettermiddagsskule for blide 9.klassingar, som i tillegg til å ha kafè også gjennomførte lokal valgransking som dei skal jobba vidare med i samfunnsfagstimane.

Bursdagsfeiring på 999 moh

Det vert storslått når bursdagsfeiring fell saman med trimdag og jubilanten er bakar! Stas med kake, kaffi og saft på Nonhaugen ein strålande kveld. Omlag 20 trimmarar, med aldersspenn på over 70 år.

 

Sosialt og kjekt med både trim og kake!

Førehandsrøysting med valkafè i Eksingedalen

Vaksdal kommune skipar til førehansdsrøysting i dei ulike grendene i kommunen. I Eksingedalen er det høve til å førehandsrøysta torsdag 31.august, mellom kl 13 og 16.30, på Eksingedalen skule.

I samband med dette har 9.klasse kafè med vaflar, kake og kaffi.

På valdagen 11.september er røystelokalet for eksingedølane på Eidslandet.

Stølsgudsteneste

Blå himmel, sol og trim i triveleg lag

Onsdag denne veka starta turgruppa sine trimturar opp att, først haustturen gjekk til Nesheimstølen. Godt turvêr har me ikkje hatt for mykje av denne sommaren, så då blå himmel og sol viste seg - og attpåtil og heldt heile turen, vart stemninga "ekstra god". Å gå på tur er godt for kropp og sjel! Neste onsdagstur går til Nonhaugen, med bursdagsfeiring på toppen. Så det er berre å hengja seg på!

Asfaltlegging starta

Mandag 14. august starta asfaltlegginga i Trefallstranda. Nyevegen får endeleg fast dekke. I tillegg skal nokre parti mellom Ekse og Nesheim få nytt dekke. Det er også lova asfalt andre stadar i dalen denne hausten.

Stølsgudsteneste på Brakestadstølen

Foto: Solfrid Urke Nese

Klar for klatring?

Er du glad i å klatre motbakker på sykkel? Då bør du ta ein tur på fv 313, opp fjellovergangen mellom Teigdalen og Eksingedalen. Stigninga opp frå Brekkhus-krysset til toppen av fjellet kan tilby 615 høgdemeter over 6,5 km. Godt asfaltdekke og nokså jamn stigning gjer bakken ypperleg til treningsføremål. Og er du ekstra sprek, ja då rullar du nedatt og tek bakken ein gong til.

Hårnålssvingar i delar av traseen                                      Foto: Håvard Bergo

"Ny" fotballbane

Det har utført ein del arbeid på grusbana på Bergo i vår og sommar, mellom anna er der lagt ny grus og bana har blitt oppretta ein del.  Ivrige fotballspelarar berre "måtte" ta ein test i dag.

I regn og på delvis mjuk grus - 90 min fotball vart det på desse i kveld.

Rulleskikameratane går nye vegar

Trimiveren i Eksingdalen er stor. Nokre held vinteridretten ved like også på finaste sommardagen, men dei har i sommar vore nøydde til å finna seg ny treningsløype. Vegdekket gjennom Eksingedalen er svært dåreleg og rett og slett farleg for både sykkel og rulleski. Så "rulleskikameratane" går difor meir krevjande treningsveg i år: Frå Nesheim og opp på høgaste punktet på fjellovergangen Fv 313. Nedatt går det i lett jogging, med skia i handa.

Nevenyttige dølar bak nymala Nesheimskyrkje

Vanskelege vertilhøve til tross, kyrkja på Nesheim har fått ny maling i sommar. På dugnad. Haldis Øvstedal, som har organisert dugnaden fortel at arbeidet har gått greit, sjølv om det vart ein del venting på lagleg ver. Arbeidet vart gjort i juni, fordelt på nesten heile månaden. Arbeidsdyktige pensjonistar vart ein særs viktig ressurs då arbeidet måtte utførast samtidig som slåtten gjekk for seg på gardane i øvre Eksingedalen.

Av dei ivrige dugnadsfolka; Nils L Nesheim og Arne Nesheim

Litt meir tolmod må til

Det tek enno litt lengre tid enn planlagt å bli ferdig med utbetring av vegen langs Trefallstranda. Snø og ekstra-arbeid med tipp-masser får skulda. Dette melder statens vegvesen i dag. 

Vegen skal bli ferdig asfaltert til 25. august, melder Kåre Olav Aldal i Statens vegvesen

Frå Bergo til Yksendalsstølen

Turgruppa i idrettslaget arrangerer kvar vår og haust fellesturar på onsdagar. I dag stod turen Bergo-Yksendalsstølen på programmet, og folk "sto i kø" for å få vere med i det fine vår-vèret.

Fy​rste stopp er Mjelkeplassen

Condoren er komme til Eksingedalen!

Vandreutstillinga ”Condoren på Kvitanosi” er komme heim til Eksingedalen. Sist veke fekk ”Condor-entusiast” Kåre Trefall med seg broren sin Jon på tur til Herdla. Målet var å henta med seg utstillingskassene med den nedpakka utstillinga. Eksingedalen har no fått heile utstillinga! Dette har  Kåre arbeidd for ei god stund, og det er takka vera den spesielle interessa hans at det vart til ei utstilling omkring denne hendinga.

Detalj av utstillinga. Foto: Kåre Trefall

Gratulera Frøydis!

Tysdag 30. mai disputerte Frøydis Gullbrå for ph.d.-graden med avhandlinga "Children as next kin and the general practioner". Hovudkonklusjonen hennar er at fastlegen kan bidra til at "dei usynlege barna" vert sett. Frøydis gjennomførte både prøveforelesing og disputasen med god stil, og fekk både undervegs og i etterkant mange gode ord om arbeidet sitt. Ho er ein forskar med beina godt planta i faget sitt sidan ho samstundes med forskninga jobbar som allmennlege. Det vart i mange høve trekt fram at dette er ei jordnær og allsidig dame med kraftige røter til heimstaden, og tydeleg at forskarmiljøet er fasinert av den dyktige dama øvst frå Gullbrå i Eksingedalen!

Ein glad gjeng etter endt disputas. Frå venstre: Bedømmelseskomiteen Per Stensland, Pål Gulbrandsen, og  Anna Sarkadi. I midten doktoranden Frøydis, som fersk doktor! Deretter rettleiarane Marit Hafting, Tone Smith-Sivertsen og Guri Rørtveit

Gudsteneste i Nesheim kyrkje

Folkefest - med sykkel, musikk og Dag Otto

Dei yngste av dei frammøtte ved Modalstunnelen var mest opptekne av ein ting. Når kjem Dag Otto? Anledningen var sjøvsagt sykkelrittet Tour des Fjords som kom gjennom tunnelen frå Modalen og susa vidare nedover Eksingedalen.
Og Dag Otto skuffa ikkje. Det blei tid både til selfies med TV2-helten og tv-opptak som vart vist i sendinga frå etappen. 

Dag Otto tok seg tid til fotografering- til glede for fleire

Sykkelfesten er i gang!

Belgieren Dries Van Gestel vann første etappe av Tour des Fjords. Edvald Boason Hagen, som var favoritt til å vinne 1. etappe av sykkelrittet, var skuffa etter å ha passert målstreken saman med hovedfeltet som vart 24 sekund etter ei gruppe på fire utbrytere som stakk av i klatringen opp mot Gaularfjell.

Syklistane som startar i Gulen, er forventa å komme ut av Modalstunellen mellom 14.30 og 14.45, alt etter kva fart dei klarer å holde. Frå klokka ca 13.00 er det kafè og mulig å kjøpe pølser, brus, kaker og kaffi. Det er Ungomskulen som lagar til og organiserer kafèen. Inntekta går til skuletur. Hugs kontanter. For dei som sykler vil det også vere mulig å stoppe på Lavik for ein is el.l.

meir fisk