Nyhetsarkivet

Vaksdal Turlag er skipa

Tysdag12.februar vart Vaksdal Turlag formelt skipa, som det 15.lokallaget i Bergen og Hordaland Turlag. Styret i det ny turlaget har ein representant få kvar av bygdene i kommunen. No skal det nye styret i gang med turkalender for sesongen, med mål om å få til turar i dei ulike bygdene. I Eksingdalen vert nok turane i samarbeid med turgruppa i Eksingedalen IL.

Kveldsrennet utsett i 14 dagar

Dårlege værmeldingar gjer at skigruppa i Eksingedalen IL har vald å utsetja kveldsrennet til onsdag 28. februar.

Ti år sidan lysanlegget på Bergo vart opna.

I vinter er det 10 år sidan lysanlegget på og rundt ballbana på Bergo vart opna. Dette vart markert med langrenn i flomlys. Det var stort frammøte og god stemning. 
Etter nokre år med lite snø på Bergo, er det no klart for nytt kveldsrenn. Onsdag 14. februar kl. 19.00 ynskjer idrettslaget velkomen til friteknikk-renn. Her er det råd å skøyta for dei som vil det. Klassiskspor er det også i løypa. Og vil du ikkje gå med startnummer er du hjarteleg velkomen til å ta kveldsturen på ski i løypa.

Bygdafest 24 februar!

Bygdafest i ungdomshuset Ljosheim i Eksingedalen 24.febr kl 20.00

For kun kr 200,- får du:

-God stemning

-Varm mat

-Lansering av splitter ny heimeside for Eksingedalen

-Toradarmusikk - og anna musikk. Til å dansa etter om du vil

-Sal av forfriskningar frå baren 

 18-års aldersgrense.

Dette må du ikkje gå glipp av - meld deg på !

Påmelding via facebook eller SMS til Ivar (48182580) eller Ole Jakob (46133110).

Frist for påmelding onsdag 21.02.

 

Utetid, innetid og årsmøtelaurdag

Til trass for at gradestokken var nær 20 kuldegrader, samla det seg fleire og fleire born, ungdommar og vaksne til skileik på Bergo laurdag. Det er god tradisjon med skileik for heile familien før idrettslaget heldt årsmøtet sitt. Løypene var gode - og køyrt opp som reine labyrinten. Her var kuleløype, hopp, hinderløype og stødige spor til å gå i. Passeleg for smale ski, breie ski, korte og lange ski, kjekt var det med akrebrett også!

Stor konsentrasjon  -  og det går så bra!          Foto: Anna S Bergo

Hoppa i det

Ungdommane på Gullbrå såg denne veka ut til å ha funne noko å bruke halvannan meter snø på - hopp!

Idar Gullbrå i høgt svev.  Klikk på bilde så får du film av to hopp (Idar Gullbrå og Helene Gullbrå-Eriksen)      Foto: F Gullbrå

Ein tenkt samtale på skulebussen heim på måndag:

Vegard: nokon plan for ettermiddagen då?

Aktiv fjelltrim i Eksingedalen 2017

Turgruppa i Eksingedalen IL melder om nok eit aktivt turår i Eksingedalen! Aldri før har så mange registrert seg i Fjelltrimbøkene. Det er notert 3 235 namn i 2017, mot 2 635 namn året før. Heile 80 av dei 101 medlemmane i laget har namnet sitt i ei eller fleire av Fjelltrimbøkene, ein auke på 569 oppføringar av medlemmar på tur. 29 har greidd alle dei 15 postane, og dei får kruset.

Turglade folk på Nonhaugen 23.august 2018

Mykje moro på kom-deg-ut dag

I bra vèr og med strålande skiløyper inviterte turgruppa i idrettslaget og det nydanna Vaksdal Turlag til 150 års feiring av DNT med kom-deg-ut dag denne søndagen. Arrangørane hadde førebudd og sett saman eit variert og fleksibelt program som såg ut til å passe alle.

Populært og engasjerande trugeløp. Håkon Øvstedal vann finalen etter max innsats

Tøffe ungar på direkte-TV

Den Norske Turistforening DNT feirar 150 år i desse dagar. I samband med dette fekk Vakdal kommune besøk av NRK1 og "Norge nå" i kveld, sidan det ferskaste lokallaget i DNT  nettopp er Vaksdal turlag. Sendinga fann stad ved Bergsdalstunet i Bergdalen - og ungar frå friluftsgruppa i Eksingedalen stilte opp i programmet då dei vart spurt.

Lars Monsen var også på TV frå Bergsdalen - her med friluftsgruppa etter sending 

Morgonstemning opp Ørnahaugen

Ein kjem ikkje til fjells på ein flat veg (Ivar Aasen) Tre tøffe gutar har valfag. 
Foto:Anna Sveinungsdotter Bergo

Kom deg ut-dag på Nesheim søndag 21.januar

Turgruppa i Eksingedalen IL og Vaksdal Turlag står saman om Kom deg ut-dag på Nesheim, på sjølvaste 150-årsdagen til Den Norske Turistforeningen. Når den største friluftsorganisasjonen i Noreg fyller 150 år, vert alle invitert med på feiring ute i det fri. Ein reknar med at 150 utebursdagar går av stabelen rundt om i landet på Kom deg ut-dagen, med totalt 40 000 små og store bursdagsgjester.  

Frå Eksingedalen IL sin Kom deg ut-dag på Nesheim februar 2017.                                 Foto: LivABergo 

Eksingedalen IL og Vaksdal Turlag  ynskjer velkommen til utedag ved skiløypa på Nesheim. Det vert bålkos og aktivitet - og sjølvsagt høve til å gå i dei fine løypene! 

Nytt Turlag i Vaksdal

Det er rett og slett "flying start" for det nyetablerte Turlaget i kommunen, med heile tre arrangement før første årsmøte! Neste veke fyller Den Norske Turistforening 150 år, med 57 medlemsforeningar rundt i heile landet. I samband med dette sender NRK direkte "Norge nå " frå det aller ferskaste laget, Vaksdal Turlag. Det skjer torsdag 18.januar kl 20.25 - 20.55. Sendinga føregår frå Bergsdalstunet, tema er 150-årsfeiringa og Lars Monsen, Vaksdal Turlag og Friluftsgruppa frå Eksingedalen er mellom deltakarar i programmet. Søndag same veka er det to Kom deg ut-dagar i kommunen, på Nesheim i Eksingedalen og på Lid i Bergsdalen. Begge arrangementa er i samarbeid med dei lokale idrettslaga.

Gleda ved å gi

Eksingedalen skule vender fokuset vekk frå seg sjølv og over på andre.

"Å visa omtanke og å glede andre har hatt stor plass på skulen her i desember.

Elevane har samla inn 62 gåver som er levert Vaksdal Frivilligsentral. Siste veka har dei hatt elevbedrift og produsert ulike varer for sal.

Dei selde varene sine på joletrefesten vår i går, og overskotet  på 2300 kr har elevane i dag kjøpt mat for på nærbutikken i Eksingedalen.

Også dette skal delast ut av Vaksdal Frivilligsentral, for det er fleire familiar i kommunen vår som ikkje har pengar til noko ekstra til jol. Dette ville elevane våre gjera noko med."

Dette er meldinga frå skulen på Bergo dagen etter at skulen sin årlege juletrefest var overstått. Og at skulen er viktig for bygda viste frammøtet denne førjulskvelden. Graut vart fortært, mandelen funne og marsipangrisen fann sin eigar. Kaffi og søte kaker høyrer også ein slik kveld til, likeså gang rundt juletreet. Kraftfull song frå to fulle ringar rundt treet avslutta kvelden. Eksingedalen skule er ein god stad å vera, for alle generasjonar.

Julegudsteneste i Eksingedalen kyrkje

Eksingedalen skule hjelper deg i valet av julebrus!

Ein test av 8 ulike julebrusar er utført på skulen i Eksingedalen. Det var ein blindtest, og kvar smaksprøve fekk terningkast mellom 1 og 6. Elevane visste ikkje kva sortar som var med i testen.

 

7.klasse hadde førebudd testen og laga klar registreringsskjema.

Lussekattar, pyntegrønt og kransbinding

Ein hyggeleg tradisjon i Eksingedalen er å samlast for å laga kransar og jolepynt. Ofte skjer dette på Luciadagen, og det vert servert lusskattar og gløgg. Kvinne- og famililaget steller til, og gjer sitt til at mange dører i Eksingedalen no er pynta til jol.

Adventskonsert i Nesheim kyrkje

Mange av adventstradisjonane i Eksingedalen er allereie gjennomført, både i heimane og fellesaktivitetar. Det har vore lysmesse, juleverkstad og førjulstreff med laging av pynt og dekoresjonar. Lussekattar og gløgg har vorte innteke, og på facbook blir baking av knekabrød/nekabrød (kjært barn har mange namn) vorte dokumentert. Nokon har alt klingen i boks i frysaren, andre fortel at det er ein vetlejulafta-aktivitet å få denne klar. Og julekaker er det sikkert baka mykje av også.

Joleverkstad i Ljosheim

Konsentrasjon og stor produksjon av fuglehus, nissar, glitter og stas. Som vanleg på kvinne- og familielaget sin joleverkstad møtte ei god forsamling av iherdige born, ungdommar, mødre og ein far til jolepyntlaging og baking.

Lysmesse i Nesheim kyrkje

Ljosfest i Eksingedalen

1.desember kl 17 tennte Hege alle ljosa på Nærbutikken! Det glitra og det blinka - og Hege stråla i lag med alle ljosa! Her ligg alt klart for hyggeleg jolehandel. Og, Hege skaffar det meste! Berre spør henne!

Ein viktig møteplass der varene står perfekt!

9.klasse ved Eksingedalen skule,Vegard Gullbrå Tollefsen, Idar Gullbrå og Andreas Bergo har besøkt Hege på butikken for å sjekka ut korleis det er å driva butikk. Etter besøket leverte dei denne artikelen til Eksingedalen.no: 

Å ha ein butikk i nærleiken er alltid viktig. Ikkje berre for å få varer du treng kjappast mogeleg, men også for å møte andre folk. Difor bestemte 9.klasse på Eksingedalen skule å ta ein tur ned for å sjå korleis det er å drive ein butikk her i Eksingedalen. Det er kaldt, men stille og fint vær. Me svingar inn på parkeringsplassen, og går ut av bilen for å besøke Eksingedalen Snarkjøp, den einaste butikken i heile dalen. Me tek ein kjapp titt inn i vindauget, der det står sjokoladejulenissar fint stilt opp, og smilar mot oss. Når me går inn døra, ringjer det i kubjølla, og me vert ønskt varmt velkomen av kjøpmann Hege Marie Lavik. Det er varmt og godt i butikken, men for augeblinken er det ingen kundar der. Tek me ein kjapp titt rundt i butikken, ser me at kvar einaste vare står perfekt, og alle etikettane peikar rett utover.

Løypemeldingar

Det er no omlag 80 cm snø på Nesheim, og ein har starta med å køyra langrennsløype. Førebels på gardsvegen ut i Moa. Følg med på løypemeldingar på denne sida (Eksingedalen IL/Løypemeldingar ski eller på Facebook https://www.facebook.com/search/top/?q=skil%C3%B8ypa%20p%C3%A5%20nesheim

Frisk friluftsgruppe i Eksingedalen!

Friluftsgjengen trossar snøvèr, vind og vatn og trakkar seg opp til Almane og Gapahuken. For torsdagskveld ute, det vil dei gjerne ha! Der ventar leik og bålkos. 

Styrketrening og volleyball kvar onsdag

God stemning med høg treningsfaktor i gymsalen på skulen. Sjå kalenderen på heimesida. Treninga heldt etter planen fram t.o.m 13.desember. Passar for alle, trente eller utrente!
Foto: LivABergo

Staseleg bruopning på Flatekval

Mykje folk var samla til staseleg bruopning søndag. Ei ny, solid og god bru er komme på plass over Skorsdalselva på veg til Flatekvalstølen. Her har det vore bru i over 50 år, men vatn og snø har med jamne mellomrom brote sund bruene. Den siste brua vart øydelagt for eit par år sidan. I nedbørsperiodar har det vore utfordrande å kryssa elva her, iallfall utan å bli kald og våt på beina.  I sommar tok tre grunneigarar verkeleg tak i dette! Den nye brua er langt meir solid enn dei tidlegare. 

Brubyggjarane. Heidra av turgruppa i idrettslaget som "Kongar"    Foto: LivABergo

 

meir fisk